"HEIMEN" Hytte 3
Dette er ei gamal tømmerstove frå 1867 - flytt til Strandafjellet ca 1945 og hatt fleire funksjonar gjennom tida .
HER ER : Full kjellar med 4 soverom (2 -3 -3- 4 køyer) - salong , tilbygd sanitæravdeling med 2 bad/toalett og romsleg inngangshall. Badstue m/forrom - dusj og toalett i opphaveleg kjellar .
I hovudetasje er kjøkken med alt utstyr - spisebord /stolar for ca 20 pers - og peisestove m/ TV - sofagrupper og lenestolar .
På lofter er 3 rom med hhv 2 senger , familiekøye (enkel over - dobbel underkøye-) og på eit rom: 1 familiekøye + 1 enkel .
20 sett dyner/puter. Nokre ekstra madrasser kan leggast ut på golv ved behov - gjester må i slike tilfelle ha med eigen sovepose.
Parkering ved huset -TERRASSER på begge langsider av huset - lett og barnevenleg område omkring huset .
"Heimen" er mykje nytta av grupper - eignar seg og godt om FLEIRE FAMILIER slår seg saman på tur.
|